ISBN: 9788243006225
Status: I salg
Utgivelsesår: 2011
Innbinding: Hft. med klaffer
Denne boka er eit djupdykk ned i ein ukultur, der maktelite og rikfolk i Oslo tar seg til rette, medan fellesskapen betaler. Som folkevalt har Erling Folkvord fått kjennskap til fleire tilfelle av korrupsjon. Her presenterer han ei rad eksempel, der namngitte politikarar på kommunalt toppnivå har gitt næringsdrivande fordelar på måtar som til tider ligg godt over grensa til det ulovlege.
Enkelte av dei har berre fått "mindre" kontraktar på ulovleg vis. Dei som har hatt størst hell i rådhuset, har derimot på få år og heilt ustraffa kunna innkassere det fleirdobbelte av utbyttet etter NOKAS-ranet.
“Gjennom drygt 20 år i Oslo bystyre og fire år på Stortinget har eg møtt både korrupsjonsoffer og korrupte på nært hald. Samtalar med personar frå den siste gruppa har lært meg ein del om korleis dei opererer. Utan gode hjelparar kan ikkje den korrupte gjere stor skade. Ho eller han er avhengig av hjelp frå innsida, anten hjelparane er i eit styre, i ein etat, på politihuset eller i rådhuset.” (Frå boka)




Erling Folkvord
er bystyremedlem i Oslo for Rødt og jobber som miljøarbeider i Rusmiddeletaten.